Arkiv

Enter your text here...

Julemessa 2024

Julemessa for 2024 gjekk av stabelen 23. november. Sjølv om veret var utfordrande og det var utfordrande å halde parkeringsplassen fri for snø vart det godt oppmøte. 

Dei frammøtte vart møtt med eit innhaldsrik salsbod med mykje godt handverk-, handarbeids- og bakevarer. Som det ofte er er det kø for å få kjøpe med seg dei beste godbitane. I år som ellers var lefser og kransekaker, men også strikka plagg og kransar svært populære.

Kafeen var åpen heile julemessa med mykje godt, både salt og søtt. Loddsalet gjekk veldig godt og det var mange gode gevinstar dette året. Margrete Bakke heldt ord for dagen.

Messeforeninga er svært takksame for alle som har vore med å bidrege også i år for denne tradisjonsrike julemessa med basar. 

Takk og til alle som har vore med å støtte bedehuset ved å kjøpe lodd, messevarer, og var gjest i kafeen denne dagen.