Faste aktivitetar
KFUK/KFUM Speidaren
Speidarar har møter på huset, på sjøen eller i skogen på torsdagar. Her får borna lære om naturen og å vere i den, dei reiser på turar i telt, hytte eller i eigen seglbåt. Til sommeren skal dei vere med på kretsleir.
Myldrekveldane
Myldrekveldane er kreative kveldar kor handarbeid står i fokus. Det kan vere både av det mjuke og det harde slaget. Formålet er det sosiale og lage produkt som skal seljast på julemessa.
Gla´Sang
Gla´Sang vert arrangert ca. 1 gang i mnd vår og haust, Her er det lokale musikarar og gjester med i sangen. Det er lagt vekt på mykje allsang og sosialt.
Misjonsforeningar
Det er også knytta nokre misjonsforeningar til huset som møtast med jamne mellomrom. Desse er og kontaktpunkt ifm og arrangør av misjonsmøter.
Formiddagstreffet
Formiddagstreffet er eit flott sosialt tilbod for dei som har anledning på dagtid.
Messeforeninga
Gjennom året er det også samlingar for Messeforeninga som møtes for gode samtalar, andakt, kaffe og niste og som har som foremål å skaffe gevinstar til basarar og julemesse.
`Vedlikeholds-gjengen´
Vedlikeholdsgjengen kombinerer sosialt samvær med godt og nyttig arbeid på huset. Andre hjelper til med oppgåver innan lyd og lys, som kjøkkenhjelp, reinhald og mykje meir.
Om du kunne tenke deg å verte bedre kjend med noko av desse aktivitetane er du velkommen til å ta kontakt, eller berre møt opp. Har du idear eller ønske og behov om aktivitetar er du også velkommen med desse. Ikke alle datoar for aktivitetane er bestemt, men nokre er nemde under "Aktivitetskalender".